Anachrony, Disability, and the Gay Man

  • Per Esben Myren-Svelstad

Abstract

Eit nyleg tilskot til kritisk teori er arbeid innanfor ”crip theory” som har til føremål å analysere den kulturelle konstruksjonen av funksjonshemmingar. Denne teori- retninga dreg ofte vekslar på innsikter formulert av queer theory, noko som blir tydeleg i bruken av det nedsetjande ordet crip [”krøpling”], tilsvarande den subver- sive bruken av f.eks. queer. Den interseksjonelle appellen til crip theory er tydeleg i Alison Kafers Feminist, Queer, Crip (2013), som òg nyttar konseptet queer tempo- ralitet. Korleis kan crip theory og queer temporalitet saman bidraga til queere – og ”queerande” – lesingar? Denne artikkelen presenterer ei samanliknande lesing av to norske romanar som enno ikkje har vorte utforska i ljos av korleis dei knyter seg til ein queer, litterær tradisjon. Den fyrste er Nini Roll Ankers Enken (1932), der den homoseksuelle sonen til hovudpersonen blir framstilt som umogen og dekadent. Idet ”perversiteten” hans blir oppdaga, blir han sjuk og døyr, i det som er den obligatoriske enden for tidlege, litterære skildringar av homoseksualitet. Den andre romanen, Magnhild Haalkes Allis sønn (1935), nemner ikkje homoseksualitet eksplisitt. Like fullt er sonen i tittelen eit problembarn som blir tillagt dei stereotype eigenskapane åt ein homoseksuell mann: fysisk veik, men mentalt sterk; kreativ og kunstnarleg, men også skræmande annleis i eit norsk fiskar- og jordbrukarsamfunn. Båe verka vart utgjevne i 1930-åra, då psykoanalysen gjorde sitt inntog i norsk offentleg debatt, og folkehelse vart eit sentralt tema. Styremaktene kjente på, og uttrykte, behovet for å verne samfunnet mot at homoseksualiteten skulle spreie seg. Homoseksualitet vart forstått som ein potensielt smittsam sjukdom med bakgrunn i ein utviklingsfeil i barndomen, og dimed eit trugsmål mot nasjonens framtidige velferd. Samstundes med at han fell saman med idéar om funksjonshemming, er homoseksualiteten såleis også tett knytt til tid; han er eit ”moderne” problem som trugar framtida. Difor vil denne artikkelen freiste å vise korleis dei to romanane på ulikt vis går i dialog med idéar om funksjonshemming, normativ tid og den håpefulle framtida assosiert med barnet. På det viset vil artikkelen òg ha til føremål å vise nytten av crip theory og queer temporalitet i studiar av homo le og lesbiske i litteraturen.

 

Nedladdningar

Nedladdningsdata är inte tillgängliga än.
Publicerad
2018-10-15
Referera så här
Myren-Svelstad, P. E. (2018). Anachrony, Disability, and the Gay Man. Lambda Nordica, 23(1-2), 62-84. Hämtad från https://lambdanordica.org/index.php/lambdanordica/article/view/484